Rutedata -betingelser

Prøveprosjekt – frigjeving av rutedata:

Denne sida inneheld viktig informasjon som du må lese dersom du vil bruke våre rutedata.

Kolumbus ynskjer at det skal vera enkelt og attraktivt å reise kollektivt i Rogaland. Vi prøvar difor ut å gjera våre rutedata tilgjengelege for dei som ønskjer å bruke dei til noko konstruktivt og nyttig som fremjer kollektivbruk. Bruk av rutedata som strir mot dette formålet kan føre til at vi vil trekke tilbake løyve til å bruke våre rutedata. Du har lov til å bruke våre rutedata t.d. i samband med reklame på ei nettside eller betalingsprogram der våre data er bakgrunnsmateriale.

Vilkår for bruk av rutedata:

Våre rutedata er tilgjengelege for dei som ønskjer å utvikle tenester basert på innhaldet vårt. Dette er eit prøveprosjekt der vi fortløpande vil evaluere heile prosessen, frå måten vi distribuerer våre rutedata på til korleis data blir brukt.

Kolumbus er ikkje ansvarleg for tap, skade eller liknande som måtte oppstå ved bruk av våre data. Vi tek atterhald om at våre sider og rutedata når som helst kan verta utilgjengelege eller vanskelege å bruke.

Du kan få tilgang til våre rutedata på følgjande måte:

Etter at du har registrert deg hjå oss og mottatt vår epost med bekreftelse har du lov til å hente ned rutedata
Rutedata finner du via lenke frå registreringssida
Rutedata er tilgjengelig på formatet General Transit Feed Specification (GTFS)
Alle spørsmål om korleis GTFS kan tolkas må du søke svar på fra http://code.google.com/intl/no/transit/spec/transit_feed_specification.html og andre ressursar på nettet.
Alle som ynskjer å utvikle løysingar med våre rutedata må sjølve registrere seg hos oss og hente originaldata direkte frå vår kjelde.

Du kan berre bruke innhald som er omtalt på denne sida. Hugs at reglane kan endre seg – utan at vi treng varsle deg på førehand – så pass på å sjekke denne sida ofte!

Krav til merking – kreditering:

Alt innhald som du hentar frå oss skal merkast på fylgjande måte:

”Rutedata fra Kolumbus”

Merkinga skal vere i same skriftstorleik som resten av teksten din, og skal vere godt synleg for brukarar/publikum.

Andre krav:

Du kan ikkje endre innhaldet (du kan t.d. ikkje endre namn på stoppestad).
Du har ikkje lov til å bruke innhaldet vårt på nettsider/programmer med pornografisk eller rasistisk eller sjikanerande innhald, eller på nettsider som bryt norsk lov.
Du har ikkje lov til å lage tenester/nettsider som framstår som om dei er laga av Kolumbus. Det må koma tydeleg fram at tenesten er laga av deg.
Du skal ikkje la sluttbrukarane av di teneste lese data direkte frå rutedatasettet slik det ligg tilgjengeleg for deg på vår server.
Du må sjølv følgje med og hente nytt datasett frå vår server når det er oppdatert, slik at dine sluttbrukarar alltid får dei nyaste rutetidene.
Dersom du vil bruke våre data i nok ein samanheng, ber vi deg registrere deg ein gong til med beskrivelse av di nye teneste.


Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.